Show med Sjur Hjeltnes 17. juni

Første show i Bergen var ein stor suksess. No kjem Sjur Hjeltnes til Fedje og Naustet på Kremmerholmen!

Kremmerholmen på Fedje er ein historisk handelsstad frå 1600-talet, er no i privat eige og er open for publikum for første gang på mange år. Naustet har ein eigen god stemning, og passer perfekt til intimkonsertar.

MUSIKALSK HUMORSHOW
«Det er hardt å vera mann. Men kake er godt. Flaks at nokon har brukt tid på å laga unyttige ting, som kunst for eksempel. Det fyrste pianoet hadde berre ein tangent. Det var tøffe tider for pianister. Bli med Sjur Hjeltnes på ein lat rusletur langs strandpromenaden på den franske rivieraen. Med sola i ryggen og eit glas i handa tek han deg med på ei musikalsk feiring av nytelse og lykke, stikk i strid med Luksusfellen sine anbefalingar».

Show med Sjur i Bergen i mai var utseld og publikum trilla 5 og 6’ere.
Showet varer i ca 65 minutter.

SJUR HJELTNES
Sjur er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt fråd ei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodeespelar og komikar i alt frå revy til samtidteater. Frå 2003 til 2010 spelte han med Nordic Tenors, og i 2006 vann dei komiprisen ilag. Sjur er også kjent som kapellmeister i «Eides språksjov» på NRK1.
https://sjurhjeltnes.no

KREMMERHOLMEN PÅ FEDJE
Kremmarholmen er ein historisk handelsstad frå 1600-talet og ligg i Kyrkjevågen på Fedje. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området.

Generell informasjon
Dato: lørdag 17. juni
Naustet på Kremmerholmen opnar: 18:00
Show: 19:00
Naustet stenger: 23:00
Billett: kr 365

Velkommen til Show i Naustet!

kr 365.00

Tomt på lager